55 prosent av eit normalår for kornbøndene. 5,5 milliardar kroner i forventa totaltap for næringa. 12 000 søknader om avlingsskadeerstatning.
Prognosane etter den heite sommaren er alvorlege nok. Og likevel, sjølv når dei endelege resultata føreligg, vil rekneskapen vera mangelfull. For xl-arket seier ingenting om dei menneskelege omkostningane tørkeramma bønder må bera.
Vonbrotet hjå forventingsfulle barn når ferien blir avlyst fordi mor og far må vatna. Kor stort trekk på kontoen utgjer det? Ektefellen som forlet soverommet, lei av all uro over drifta. Tappar det ikkje overskotet? Eller tvilen på yrkesval og framtida for garden. Tærer ikkje det på likvidane.
Bønder har eit ufortent rykte på seg for å vera sytete, og dei er alltid redde for å leva opp til det. Les intervjuet med Tor Erik Leland i denne utgåva av Bondevennen.
Han er bondelagsleiar i Vest-Agder, der mange har røynt baksida av finvêret i år. Leland fortel om familieliv som er sett på prøve, og om samliv som knirkar. Til media freistar han å formidla stoda nøkternt. Klaging blir oppfatta som negativt, seier han, og har sjølvsagt rett i det.
Samstundes er det viktig at landbruket finn eit sjølvsikkert språk for å formidla kva som i ferd med å skje. Å drive jorda er å leve med uvisse. Slik har det alltid vore. Gode år har avløyst magre, og omvendt, i tusentals. Men no veks uvissa.
Me har ord for avlingstap og erstatningskrav. Dei forstår alle. Kanskje treng me også eit språk for den eksistensielle uroa som melder seg når sesongane går av hengslene eller rotar seg saman. Å vedgå rådville, å fortvila over for tidleg slakta buskap, å sørgje over tapet av god jord, eller å erkjenne stressa familieforhold. Slikt er ikkje syt, men ein lite påakta konsekvens av å produsera mat i klimaendringane si tid.
Naturen snakkar aller først til dei som er tettast på den. I sommar talte jorda, skogane og hava til millionar av oss, verda rundt. Førstehandsobservasjonane av kreftene som er i spel gir ein innsikt som dei som lagar maten må formidla til alle som er avhengige av den. I dag er landbruket si røyst i klimasaka alt for svak. Bøndene må kvitte seg med frykta for å verka sytete eller negative og bli uredde klimavarslarar. Dei må finna orda som får alle andre til å forstå kva som må til for at dei skal halda ut og fram i verdas viktigaste, men også mest sårbare yrke. Bøndene på Agder syt ikkje. Dei ropar ikkje ulv, ulv.
– Nå er faktisk ulven her, seier Leland.
Bothild Å. Nordsletten