I det Bondevennen går i trykken er forhandlingane i årets jordbruksoppgjer i gang, og utfallet ukjent. Med dette atterhaldet er det likevel relativt trygt å anta at resultatet neppe innevarslar dei store og langsiktige løfta me treng for å snu den etter kvart lange og velkjente lista av urovekkjande utviklingstrekk i norsk landbruk.
Sjølvforsyningsgraden går ned, delar av landet gror att, produksjonen blir meir sentralisert, bøndene blir færre og gjelda deira aukar medan inntektene minkar.
Samstundes er Stortinget sine mål klåre: meir mat på norske ressursar, landbruk over heile landet, eit mangfald av store og små bruk og produksjonar, samt reduksjon av inntektsgapet mellom bønder og andre grupper.
Jordbruket sitt livsviktige samfunnsoppdrag er å fø folket. I tillegg bidreg næringa mellom mykje anna til levande distrikt, sysselsetting og opne kulturlandskap. Den tryggingspolitiske og beredskapsmessige verdien av bøndene sin innsats er så opplagt at ein kan undrast over kvifor ikkje staten snart overbyr jordbruket sitt krav.
Berre eit oppgjer som bidreg til å auka sjølvforsyningsgraden, bruken av norske areal og rekrutteringa til næringa kan kallast godt. Berre eit oppgjer som styrker framtidstrua også til bøndene på små og mellomstore bruk, kan kallast vellukka. Eit oppgjer som derimot sviktar på desse punkta, representerer ei ytterlegare omdreiing i det som i alt for mange tiår har vore ein nedovergåande spiral for landbruket. Den retninga gjer me som nasjon klokt i å snu. I lengda vil det smaka langt meir enn det kostar.
Bothild Å. Nordsletten