Nytt liv: Ved lamming nærast doblar søya fôrbehovet sitt.

 

Det er krevjande å vere sau i tida før lamming. Det er viktig at søya held ved like eit godt hold, slik at ho er i stand til å mjølke godt når lamma kjem.

Ole Arnfinn Røysland

Dei siste seks vekene før lamming skal både fosteret vokse og juret utvikle seg. Samstundes tek fostera stadig meir plass i buken slik at det vert mindre plass til mat i vomma. I denne tida er det viktig at søya held ved like eit godt hold, slik at ho er i stand til å mjølke godt når lamma er sette til verda. Forsøk utført ved NMBU på Ås tyder på at fôringa dei siste seks vekene før lamming åleine kan utgjere så mykje som fem kg skilnad i levandevekt hos trillinglam ved haustveging.

Kva skjer med sauen?

Det går om lag 21 veker frå ei søye er para til ho lammar. Dei fyrste 15 vekene skjer det relativt lite. I denne perioden festar fostera seg til livmora, og morkaka utviklar seg. Fôrnivået i denne perioden kan påverke utviklinga av morkaka. Det er vist at sterk fôring gir dårleg utvikla morkake, som i sin tur kan føre til dårleg næringsutveksling mellom søye og foster. Dette kan vidare gi små og svake lam ved fødsel. Med andre ord bør ikkje søya fôrast meir enn til vedlikehald i denne perioden. Dersom søyene av ein eller anna grunn er tynne, er situasjonen noko annleis. Då bør ein prioritere å fôre søyene opp i hold slik at søya har noko å mjølke av når ho lammar. Er søyene derimot svært feite i denne perioden (holdklasse fire eller fem), kan det vere ein fordel at søya går litt ned i hold. Feite søyer kjem seinare i gang med mjølkeproduksjonen samstundes som holdnedgang ytterlegare vil stimulera til god utvikling av morkaka.

Fosteret blir prioritert

Dei siste seks vekene før lamming startar fosteret å vekse. Dermed vil søya ha eit jamt aukande fôrbehov i denne tida. I sauen er det morkaka som bestemmer korleis næringa skal prioriterast i sauekroppen. Dermed vil fostera verte prioritert over søya, og søya har difor lett for å miste hold i denne perioden. Når det er fire veker att til lamming, vil juret byrje å utvikle seg og gjere seg klar til å produsere mjølk. Når det er to veker til lamming, vil søya byrje å produsere råmjølkskonsentrat. Denne vil verte “vatna ut” med vanleg mjølk dei siste dagane før lamming, slik at alt skal vere klart når lamma kjem til verda, og har behov for råmjølk.

 

Strevsam periode: Så godt som alle søyer tærer på holdet dei første vekene etter lamming, for å få næringsbudsjettet til å gå i hop.

Doblar fôrbehovet

Som ein ser er det mange prosessar som går føre seg samstundes den siste tida før søya lammar, noko som fører til konkurranse om energien frå fôret. Ved underfôring vert søya nøgd til å ty til kroppsreservar/tære på holdet for å få næringsbudsjettet til å gå i hop. Dermed har søya mindre hold å gå på etter at lamma er komne til verda.
Ved lamming nærast doblar fôrbehovet seg. Sjølv om fostera er ute, og det dermed er større plass til fôr i vomma, viser forsøk at det tek nærare to veker før søya har maksimert fôropptaket sjølv ved svært godt grovfôr. Enkelte utanlandske studiar finn at det tek fire veker før fôropptaket er på topp. Det betyr i praksis at så godt som alle søyer vil tære på holdet dei fyrste vekene for å få næringsbudsjettet til å gå i hop. Nemnte forsøk på Ås, som utelukkande dreidde seg om vaksne NKS-søyer med tre foster, viste at søyer som var fôra slik at dei tapte hold dei siste seks vekene før lamming fekk ei lågare lammetilvekst frå våren, målt mot søyer som ikkje tapte hold fram mot lamming. Den einaste sannsynlige årsaken til dette var dårlegare mjølkeyting. Resultata viste òg tydeleg at lam som voks godt frå våren, heldt ei høgare tilvekst gjennom heile sesongen. Dermed fann nemnte forsøk ei skilnad på fem kg levandevekt ved haustveging der søya var fôra slik at ho ikkje tapte hold fram mot lamming målt mot søyer som i gjennomsnitt tapa 0,25 holdpoeng dei siste seks vekene før lamming.

Praktisk fôring

I praksis skal sauen fôrast slik at han held konstant hold (kring 3,5 holdpoeng) frå paring til lamming. Det betyr at eventuelle holdjusteringar bør skje før den tid. Dersom ein har hausta surfôret ved skyting (0,85 FEm/kg TS) og har oppnådd god konservering, vil sauen greie dette ved fri tilgang på surfôr fram til seks veker før lamming. Ved denne surfôrkvaliteten vil søyer som skal ha eitt lam, klare seg med berre surfôr fram til fire veker før lamming. Søyer som skal ha tre lam, bør fôrast opp med kraftfôr allereie seks veker før lamming. På denne grovfôrkvaliteten kan dei godt få opp mot 1,2 kg kraftfôr til dagen dei siste to vekene før lamming. Med slike kraftfôrmengder bør ein dele tildelinga opp i tre tildelingar per dag. Under er det sett opp eit forslag til fôrplan dersom ein har ovanfornemnde fôrkvalitet. Dersom ein har betre surfôrkvalitet, kan ein redusere kraftfôret noko.

Tabell 1 – Døme på kraftfôrtildeling (kg/sau/dag) for vaksne søyer i  passehold (for NKS: holdklasse 3,5) seks veker før lamming ved ein surfôrkvalitet på 0,85 FEm/kg TS

Desse berekningane er gjort ut frå tabellverdiar og forsøksresultat. Dette er dermed ei teoretisk tilnærming til fôrplanen. Fasiten vil alltid vere utviklinga av holdet på sauen. Dersom sauen taper seg i hold, gir du han for lite fôr, dersom han aukar i hold, kan du avgrense fôrtildelinga.

Ved god planlegging kan ein slå nokre stykke ekstra tidleg, og dermed ha eit meir energirikt surfôr dei siste vekene før lamming og etter lamming. I eit slikt regime kan ein spare mykje kraftfôr og likevel oppnå god næringsdekning hjå sauen (sjå tabell under).

Tabell 2 – Kraftfôrbehov for ei søye med tre lam to veker før lamming ved ulik surfôrkvalitet

Artikkelen er skriven av Ole Arnfinn Røysland, i samarbeid med Ingjerd Dønnem, Erik G. Granquist og Åshild T. Randby, og er basert på Røysland sin masteroppgåve Effekt av fôrstyrke og andre faktorer i saueholdet på råmjølksmengde og kvalitet, samt lammetilvekst.

Prosjektet «Fôring for livskraftige lam» er finansiert av Norges Forskningråd, Animalia, Småfeprogrammet for fjellregionen, Nortura, Norsk Sau og Geit, Norgesfôr, Fiskå Mølle og Addcon Nordic, og er et faglig samarbeid mellom Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU), København Universitet og Sveriges Landbruksuniversitet.

Takk til alle!

Stikkord denne saka: , ,