Slik ser optimisme ut: Bjarte Myren og Norvald Årnes i Eika samdrift er i ferd med å ferdigstille nytt trefjøs med naturleg ventilering til om lag 40 mjølkekyr på Østrebø i Ikjefjord i Høyanger kommune. Foto: Bjarte Myren

12 sauefjøs, 12 fjøs til ammeku og 14 nye kufjøs fekk økonomisk støtte i 2017, og i januar i år vart robot nummer 100 i fylket installert i Stryn.

Liv Kristin Sola

Optimismen blomstrar og bøndene investerer som aldri før. Dei nye fjøsa skal romme 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1800 sauer. Det svarar til ein produksjon på kring 5 millionar liter mjølk, over 100 tonn storfekjøt og 50 tonn lammekjøt, skriv fylkesmannen på sine nettsider. I dag vert om lag sju prosent av mjølka, ni prosent av lammekjøtet og knapt seks prosent av storfekjøtet i landet produsert i Sogn og Fjordane. Satsinga på ammeku starta i 2016. I løpet av to år er det bygd 13 nye fjøs med plass til knapt 300 nye kyr.

Investerer i tronge tider

– Dette er svært gledeleg, seier Christian Rekkedal, landbruksdirektør i Sogn og Fjordane.

Rekkedal er oppteken av at produksjonsapparatet innanfor alle produksjonar må haldast vedlike og fornyast. I strategiplanen har fylket mål om å halde talet på alle husdyrslag på eit stabilt nivå. Då må bøndene få høve til å fornye driftsapparatet, også i tider med overproduksjon.

– Investeringar må sjåast i eit 20-30 år langt perspektiv. Då kan me ikkje drive å springe etter grossistprisen på kjøt til ei kvar tid, påpeikar Rekkedal.

Ein nedgang i sauetalet er snudd til ei svak auke. For å ta vare på kulturlandskapet er det viktig at det vert satsa, også i sauenæringa.

– Norsk husdyrproduksjon si store utfordring er å balansere volum og pris. Å klare ta ut potensialet i marknaden utan å ende med overproduksjon og reduserte prisar, seier Rekkedal.

På veg med mjølka

På 10 år er det bygd kring 120 nye mjølkefjøs, og meir enn 40 prosent av mjølkekyrne er oppstalla i lausdriftsfjøs, står det å lese på fylkesmannen på sine nettsider.

– Mjølka er viktig for fylket. Det same er meieriet i Byrkjelo. Skal meieriet oppretthalde drifta må fylket oppretthalde mjølkevolumet. Det er eit samspel mellom primærnæringa og industrien, seier Rekkedal.

Christian Rekkedal

 

Jo Helge Sunde

Skal fylket klare å oppretthalde mjølkevolumet, må driftsapparatet fornyast, også på mindre bruk.

– Investeringskostnadane og rammevilkåra vert heilt avgjerande for korleis me skal klare å finansiere ei modernisering også av fjøs med færre enn 25 kyr, seier Rekkedal.

Optimisme og pessimisme smittar

Dei som har investert så langt er dei med best ressursgrunnlag. Men Rekkedal viser til at det er skilnadar mellom kommunar.

– Det er ingen tvil om at kommunane gjennom sine tilsette kan skape entusiasme og motivere til investering, seier landbruksdirektøren.

Gløym idealet om heiltidsbonden Sogn og Fjordane produserer 103 millionar liter mjølk, og har dei minste kvotane i landet med 130.000 liter i snitt. Dei eksisterande båsfjøsa leverte 100.000 liter mjølk i snitt i 2017.

– Det å kome i posisjon for å klare dei nødvendige investeringane for å drive dette vidare, det er krevjande, seier Jo Helge Sunde, i Tine.

Skal jorda drivast og beiteressursane nyttast er det snakk om bygg ned mot 20 kyr.

– Mjølkerobot til færre enn 25 kyr gir svak lønsemd, men med to millionar i tilskot, god drift, og litt arbeid utanom, kan summen per time bli god samanlikna med heiltidsbonden med 40 kyr, seier Sunde. – Det kan til og med vere samfunnsøkonomisk smart.

Stikkord denne saka: , , , , ,