Sjur Håland
Opplevde rovdyrmassakre
Han er ekspert på sau, og hadde kontoret sitt hjå Nortura i Oslo i tjue år. Før det var arbeidsgivaren hans Institutt for husdyravl på Ås. I 2011 valde Husabø å flytta heim for å ta over familiebruket i Leikanger i Sogn og Fjordane. Der møtte han kvardagen, og vel så det, då jervar massakrerte 100 vaksne sauer og 150 lam.
– Det verste som kunne skje, skjedde. Det var svært brutalt, men eg valde å gå vidare.
I dag har han bygd seg opp att og har ei besetning på 300 vinterfôra sauer. Førre veke samla han 130 sauebønder på Undheim til eit fagmøte i regi av Time Sau og Geit og Sør-Jæren Sau og Geit. Den jordnære og praktiske bonden ser det som naudsynt at diskusjonen om kva som er den gode sauen blir halden varm.
Finna beste sauen
– I ei tid med større besetningar der mange sauebønder har sau som hovudnæring, er det avgjerande med gode dyr. Me skal halda fram med å diskutera avl og vêrane, men treng meir å leita etter den beste sauen.
Svara på kva som bør vektleggast er i følgje Husabø, mange og ulike. Om sauen skal ha to eller tre lam, er blant tema som blir diskutert. Hjå bønder med avgrensa heimebeite og mykje utmark er det gjerne mest praktisk med to, medan enkelte med tidleg vår, rikeleg med innmark og eit godt dyremateriale, vil ha tre lam.
– For nokre år sidan var det viktig å få opp produksjonen, då var det gjerne rett med tre lam. Eg er ikkje samd i at tre lam er svaret i dag. Du må finna dei søyene du har minst bry med, dei du mest ikkje ser i flokken og avla etter dei. Får desse sauene to lam gjennom livet, er det bra, meiner han.
90 prosent tvillingar
Det tar tid å finna fram til supersauen. Husabø peikar på at det finns vêrar som har over 90 prosent tvillingar.
– Brukar me desse aukar delen sauer med tvillingar i besetninga. Dette må me bestemma oss for sjølv, på buskapsnivå, held han fram.
Husabø innrømmer at for mange lam gir i overkant mykje arbeid. I fjor hadde han 120 kopplam, noko han ikkje var komfortabel med. I besetninga har han nå 70 prosent tvillingar, 20 prosent trillingar og 10 prosent einstaka.
– Eg vil arbeida for å få opp talet sauer med tvillingar til over 80 prosent. Det gjer eg ved å setja på tvillinglam og bruka vêrar med høg tvillingprosent.
Mindre kraftfôr
Husebø vil ha opp diskusjonen kring bruken av kraftfôr. For stor del kraftfôr er feil, meiner han.
– Me kan greia mykje med godt grovfôr, og bør ikkje strekkje kraftfôrstrikken for langt, då rettferdiggjer me ikkje produksjonen vår. Det er viktig å få flest mogleg lam slaktemogne frå utmarka. I tillegg er det bra med dei som kan nytta innmarka og få lam ut i marknaden tidlegare i sesongen.
Han held fram at 120 dagar fram til slaktemogne lam med ei slaktevekt på 17-19 kilo, er eit godt mål.
– Verar som kjem ut tidleg med indeks, er bra. Desse gir tidleg slaktemogne lam, erfarer han.
Supersauen skal stetta krava til god dyrevelferd, økonomisk utkome og det praktiske arbeidet i besetninga.
Svart jur
– Rolege dyr er ein trivselfaktor og bidreg til god dyrevelferd, mine 300 sauer et alle kraftfôr frå handa mi, illustrerer han.
Husebø peikar på meir merksemd på søyedelen i avlen, og at dei fleste har meir å hente ved å sjå på eigenskapen haldbarheit. Den røynde sauebonden er heller ikkje redd for å trekkja fram teikn på gode dyr som manglar vitskapleg grunnlag.
– Har du sett søyer med auger med mykje kvite og liten pupill? Det kan bety at dyra er urolege. Om juret endrar farge og blir meir svart ei veke etter lemming, er det eit teikn på ein robust sau med eit like robust jur. Og om du ser tårer som renn nedover naserota, er det eit teikn på at sauen er ein god mjølkesau.
Legg lamma i frysaren
Mattilsynet oppmodar sauebøndene til å halda det ryddig, tenkje smittevern og leggja daude lam i ein eigna fryseboks.
Sjur Håland
– Samle dei daude dyra på eigna stad og lever dei til destruksjon. Daude dyr spreidde rundt forbi er generelt dårleg PR og eit lite godt signal til Mattilsynet dersom vi kjem på døra, seier spesialinspektør Arvid Reiersen frå Mattilsynet.
God drift
Reiersen var invitert til fagmøte med tema Betre velferd for sau og bonde på Undheim sist veke. God drift samsvarer med god dyrevelferd, var det mest elementære rådet sauebøndene fekk frå Mattilsynet, få veker før lemminga. Nok reint vatn til ei kvar tid, er sjølvsagt.
– Sjå særleg godt etter vassbøttene under lemminga og hald vasskara reine, råda han.
Tett golv
Reiersen tipsa om å syta for nok råmjølk til dei nyfødde lamma, at ein har ekstra råmjølk tilgjengeleg, og er medviten om at råmjølka frå ein sau med fødselsvanskar er av dårlegare kvalitet enn frå ein sau med lettare fødsel.
– Når sau og lam seinare skal over i større bingar, må lamma ha lammegøyme med tett underlag, påpeikar han.
Vaksinering og snyltarbehandling høyrer med til rutinearbeidet. Leverikter er ei utfordring av nyare dato, som skal handsamast. Hygiene og god ventilasjon i sauehuset bidreg til den gode drifta. Spesialinspektøren synar til at det er krav til sjukebingar og at alle dyra i besetninga skal ha tilsyn minst to gonger dagleg.
Skyt og stikk
Rett avliving er viktig. Det er ikkje lenger lov å bedøva eit dyr over fem kilo med slag mot hovudet.
– Det er avliving med boltepistol som i praksis gjeld. Og du skal stikka rett etter skyting, seier Reirsen
Mattilsynet får meldingar om sau med heilårsull.
– Klypp av sauene skal skje ved behov eller minst ein gong i året. Hugs at sauene må ha nok isolasjon når dei skal ut etter klypping.
Bv kommentar: Tilsyn og lemming
Lemminga er ei svært krevjande tid for sauebøndene. Det er den perioden i året der fødselshjelp og intensiv pleie av sauer og lam legg grunnlaget for resultatet i sauehaldet.
Arbeidsmengda nærast samsvarer med døgndrift. Sauebøndene kan berre drøyma om nok restituering gjennom tilmålte timar nattesvevn. På Time Sau og Geit og Sør-Jæren Sau og Geit sitt fagmøte på Undheim, var nok enkelte nyfikne på kor vidt Mattilsynet vil prioritera denne ekstreme og sårbare perioden i sauehuset til tilsyn. Spesialinspektør Arvid Reiersen fekk direkte spørsmål frå salen, og gav beskjed om at Mattilsynet ikkje har planar om særlege tilsynskampanjar i lemminga.
– Men Mattilsynet vil ta turar ut for å sjå og for å læra. Me skal ha respekt for stoda, og me skal handtera folk med respekt i ei travel tid, sa han.
Det er eit godt svar og ei klok haldning. Mattilsynet skal ivareta samfunnet sine krav til god dyrevelferd i landbruket. I lemminga arbeider sauebøndene under eit ekstremt press 24/7 for å berga liv. Å gå stilt i dørene i den perioden er både respektfult og i samsvar med god dyrevelferd.