Snakk opp agronomen: Agronomutdanninga er pakka med kunnskap. Kvifor er det så få unge som vel denne yrkesvegen? Arkivfoto frå Voss Vgs.

 

Det er lenge sidan den tradisjonelle agronomutdanninga hadde fulle klassar. Er agronomen ein godt bevart løyndom – eller moden for revisjon?

Liv Kristin Sola

 

Vil du bli agronom må du søke deg inn på Vg1 på ein skule som tilbyr naturbruk. I tillegg til fellesfag, vel elevane profilar som til dømes landbruk, hest, skog, gartnar eller anleggsgartnar.
Vil du bli agronom må du velje landbruks- og gartnarfag på Vg2. Andre val er skogbruk, heste- og hovslagarfag, anleggsgartnar- og idrettsanleggsfag, yrkesfag med høve til læretid og fagbrev.
Etter Vg2 kan alle naturbrukselevar velje Vg3 naturbruk med generell studiekompetanse. Det gir rett til å søke høgare utdanning. Mange naturbruksskular tilbyr undervisning i somme realfag som krevst for å få spesiell studiekompetanse.
Vil du bli agronom må du velje Vg3 landbruk tredje året. Undervisninga omfattar tre hovudområde: Plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap, samt gardsdrift. Elevane må i tillegg ha to programfag, som økonomi og driftsleiing, traktor og maskin, eller økologisk landbruk.
Agronomane kan velje eit fjerde år, med Vg3 naturbruk eller Vg3 påbygg, og få studiekompetanse i tillegg til agronomen.

Utdanning med fagbrev

Elevane som vel programfaga skog, hest, hovslagar, anleggsgartnar og idrettsanleggsgartnar, har to val etter Vg2. To år i lære og fagprøven, eller Vg3 naturforvaltning, som gir studiekompetanse og reduserer ei eventuell læretid med 0,5 år.
Dagens opplæringsmodell for agronomar og gartnarar er tre år i skule. Fullført opplæring gir yrkeskompetanse, med yrkestittel agronom eller gartnar. I 2014 starta eit prøveprosjekt i fire fylke, med fagbrev for agronomar og gartnarar. 2+2-modellen gir to års undervisning, følgd av to års opplæring i bedrift. Forsøket skal evaluerast i 2020.

God plattform

– Eg seier ja takk – begge deler, kommenterer Anne Kathrine Edland, avdelingsleiar ved Øksnevad vgs. i Klepp på Jæren.

Ho rår eigne agronomelevar til å bruke fire år og fullføre både Vg3 landbruk og Vg3 naturbruk med generell studiekompetanse. Det gir ungdommane rett til høgare utdanning, i tillegg til agronomutdanninga.

– Læreplanen for Vg3 landbruk er svært omfattande. Faget økonomi og driftsleiing i tillegg til dei agronomiske og tekniske faga, gir eit godt fundament for vidare utvikling og læring for ungdom som vil inn i landbruksnæringa, inkludert gardsdrift, seier Edland.

Ho understrekar at opplæring på vidaregåande nivå generelt berre er ein plattform for vidare utvikling i ulike retningar.

Landbruksnæringa og agronomen

– Kva med fagbrev også for agronomane?

– Kan hende, dersom næringa ønsker det. Men med dagens struktur er det vanskeleg å sjå korleis det kan gjennomførast i praksis, seier Edland.

Avdelingsleiaren inviterer næringa og politikarar til dialog om rammer og fagleg innhald, dersom dei ønskjer endring i agronomutdanninga.

– Me må alle bli betre til å snakke opp agronomutdanninga, elles kan me risikere at den vert lagt ned, åtvarar Edland.

Ho ønsker at næringa i større grad etterspør agronomutdanninga i sine stillingsannonsar, for å hevje status og nytte fagkunnskapen til agronomane.

 

Praksis heimanfra + teori på skulen – det gir meining

Inger Skårland (16) reiste til Tomb vgs. i Råde, hausten 2017. Med seg i bagasjen hadde ho lang praksis frå heimegarden, med mjølkerobot, rundt 65 jerseykyr, og om lag 70 vinterfôra sau. I tillegg til praktisk erfaring hadde ho med seg hesten Lucky. Til trass for stor hesteinteresse, både som hobby og i arbeid med dyra, skal ho studere landbruksfag og bli agronom. Planen å ta eit fjerde år på Tomb, eit påbyggingsår som gir generell studiekompetanse.

Skårland hadde store forventningar, både til internatlivet og til undervisninga.

– Det er interessant å lære meir teori. Heime gjer eg det eg får beskjed om, utan heilt å vete kvifor. No forstår eg kvifor me set den sprøyta, eller korleis dei fire magane og drøvtygginga fungerer. Plutseleg gir ting meining, seier Skårland.

Erfaringa så langt er at teorien er meir krevjande enn venta. I praksis ligg ho godt an, mest litt for godt. Elevar som kan mjølke, køyre traktor og drive med maskinar, vert nytta til å rettleie elevar som er mindre erfarne.

– Me vert halde litt tilbake og får litt lite utfordringar i det praktiske arbeidet. Det kan bli noko keisamt å berre repetere det me kan, seier Skårland.

Ho skulle ønske at elevane vart gruppert slik at alle fekk utfordringar tilpassa sitt nivå. Skårland har planar om å overta heimegarden. Internatlivet i kombinasjon med utdanning ser ho på som ein stor fordel.

– No kjenner eg folk over heile landet. Me diskuterer forskjellar og likheitar med å drive landbruk i dei ulike landsdelane. Eg lærer masse kvar dag, om landbruk, men også om meg sjølv, seier Skårland.

Inger Skårland

Agronomutdanning tilpassa ulike utfordringar

Bestemor skreiv ein gong «Det er ikkje lett å bonde vera, mykje ansvar må me bera»
Og det er dette ansvaret agronomutdanninga skal førebu oss til. Eg byrja mi agronomutdanning på det som heitte Voss Jordbruksskule, hausten for tre år sidan. Utdanning har eg opplevd på godt og vondt.
På Voss har eg lært om grønsaksproduksjon og oljeskift, om pløying og om lemming, noko eg har hatt stort utbytte av. Men nokre ting har eg sakna. For når ein har gått på skule i tre år bør ein ha grunnleggjande kunnskap om landbruk – i det området ein skal drive landbruk i!
Kvar del av landet har sine utfordringar. For ein bonde på myrete Osterøy er det uvesentleg å lære om rundballepressing med ni tonn ekvipasje, eller korleis me skal plante kål. Me treng lære å fôrhauste og å grøfte vassjuk mark. For kva veg går landbruket i Hordaland, om bøndene ikkje kan dette?
Eg skulle gjerne sett at elevane fekk ansvar for mjølkestell i staden for mjølkerobot. I min kommune var det 25 mjølkeprodusentar i 2017. Fem av desse hadde mjølkerobot. Ein mjølkestall med plass til tre kyr som vert nytta til undervisning, gir ikkje nok kunnskap om mjølkestell. Som avløysar i mjølkefjøs på femte året, veit eg kor mykje ansvar som kviler på den som har mjølkinga. At me ikkje får denne erfaringa på skulen før ein er agronom er feil veg å gå.
Den landbruksfaglege utdanning er ganske vid, men ein må lære elevane relevant kunnskap om å drive jorda – der ho ligg.
På agronomen lærer me ikkje berre korleis ein driv jorda og steller dyra. Me lærer ansvar, at det er betre å gjera ting skikkeleg enn halvvegs. Eg har storkosa meg dei to åra eg har gått på jordbruksskulen og gleder meg til å ta til på det siste året.
Eg meiner at agronomutdanning er den sikraste yrkesvegen ein kan velje. Det vil alltid vera behov for matprodusentar. Synd ikkje fleire ser dette.

Asgeir Presttun, elev ved Voss vgs. (med eit ufrivillig pauseår av di det var for få elevar i agronomklassa i år).

Asgeir Presttun

Fagbrev for økt kunnskap og omdømme

Kompetanse og utdanning i landbruket er en av mine kjepphester.
Landbruket er en så tverrfaglig og profesjonalisert næring at kompetanseutvikling både ved oppstart i næringa og kontinuerlig blir stadig viktigere. Jeg mener derfor at man i landbruket bør innføre krav til fagbrev. Her er nok mange uenige, men både i forhold til formalkompetanse og omdømme mener jeg det er viktig.
Vi ser at landbruket er i en rask endring, ikke minst innenfor det teknologiske. Det å få til samspillet mellom biologi- og teknologikompetanse blir svært avgjørende for framtida. Her må utdanningsinstitusjonene på alle nivå og rådgivingsorganisasjonene i landbruket på banen. Vi har ingen tid å miste.
Samtidig ser vi at grunnleggende kompetanse innen agronomi og husdyrproduksjon er mer viktig enn noen gang. Ikke minst sett i lys av endrede dyrkingsforhold og økt oppmerksomhet og tilpassing til klimaendringene.

Harald Volden, sjef fag og system
Tine rådgiving og medlem.

Harald Volden

Stikkord denne saka: ,