15. januar 1898 publiserte bonden og gründaren, Osmund Anbjørnsen Lærdal, Bondevennen for første gong. I år feirar me at det vesle, store fagbladet vårt har kome ut jamt og trutt, gjennom krig og fred, sol og regn, i heile 120 år! Sjølve festen går av stabelen 8.februar på Jærmuseet på Nærbø. Det er endå nokre plassar att for dei som vil feira med oss.
Bondevennen har sidan starten følgt bøndene på Sør- og Vestlandet gjennom djuptgripande landbruksfaglege og kulturelle endringar. Retninga kjenner me. Bruka blir større og bøndene færre. Denne utviklinga har me i fleire år kunna lesa av på eit minkande tal abonnentar. Men noko ser ut til å skje. I den siste tida har nedgangen stoppa opp – og talet på abonnentar så vidt byrja å stiga att.
Det er svært gledeleg. Bondevennen eksisterer og kan sjå framover takka vere abonnentane våre. Samt, sjølvsagt, alle odelssøner og -døtre, bestemødre, svigerfedre, barn, barnebarn og naboar som let bladet gå på rundgang mellom seg. Takk til dykk!
I tillegg til feiring gir eit jubileumsår også høve til ettertanke. Der tidlegare tiders bonde kunne få brorparten av det faglege og politiske påfyllet sitt gjennom Bondevennen, kan dagens gardbrukar velje og vrake i eit enormt tilbod av andre landbruksfaglege publikasjonar og digitale kjelder til spesialisert informasjon. Konkurransen om lesaren si merksemd er stor.
Men Bondevennen har ikkje mista sin relevans. I ei verd som akselererar stadig raskare set truleg mange også pris på kjende haldepunkt som forklarar, gir meining og ei kjensle av å høyra til. Der er Bondevennen. Lun. Nyfiken. Nær. I og for sør-og vestlandslandbruket – i alt sitt vidunderlege, motkulturelle og særprega mangfald.
Så har nokre av lesarane våre oppmoda oss til å provosera og meina sterkare litt oftare. Jau, takk. Det er hermed eit nyttårsforsett. Me ser også fram til å høyra endå meir frå dykk anten det er ris, ros eller andre innspel.
Som redaksjon skal me gjera vårt beste for å skapa eit blad som er nyttig, som tek opp vesentlege tema – og som er gildt å lesa. Av denne utgåva ser de at bladet til 120-årsdagen har fått ein friskare og vonleg meir lesarvenleg ham. Nettsidene våre er også oppgradert, klare for meir, spanande aktivitet. For å koma endå tettare på fagfeltet vårt, har Bondevennen i tillegg fått seg eit kontor i landbruksparken på Særheim på Jæren. Nærkontakten med mellom andre NIBIO, Geno og NLR vil vonleg resultera i mykje spanande lesestoff framover.
Me vonar at gamle og stadig fleire nye lesarar vil bli med oss inn i framtida.
Godt nyttår!
Bothild Å. Nordsletten