VÅREN ER HER med milde vindar, grøne knoppar og leven. Lerka jublar høgt i sky og små lam breker etter mor. Bassen i denne vårsymfonien blir spela av humla, der ho susar lodden og tilsynelatande lubben på leit etter pollen og nektar. Me tolkar det som eit koseleg vårteikn, når humledronninga vaknar etter vinterdvalen. For humla sjølv er kvar meter bortover landskapet eit sjansespel med livet som innsats.
DET ER VÅRENS VIKTIGASTE frukost ho jaktar på. Etter dvalen er humla avmagra og svak. Feittprosenten må opp, og det raskt, skal ho klara å bygga bol og fø fram avkomet ho ber i seg, etter befruktning hausten før. Kroppstemperaturen må opp til over 30 grader. Ho må orka å slå minst 180 vengjeslag i sekundet for å løfta den helikopteraktige kroppen. Krokus og blømande selje er det ho må ha, i tillegg til ei mengd andre tidlege hageblomar og ville vekster. Om ho berre kan finna dei. Kjøleg klima gjer Noreg til eit godt land å vera pelskledd humle i. Av verdas 250 humletypar finns heile 35 her. Trass i dette er ein miks av faktorar som trugar pollinerande insekt globalt, i ferd med å gjera også våre eigne humler sårbare.
OPPSTYKKA LEVEOMRÅDE, tap av blømande slåtteenger, invaderande artar, sprøytemiddelbruk, intensivt landbruk og klimaendringar er dårleg nytt for humla å vakna opp til. Di lengre avstand mellom kvar blomekvast, di større sjanse for at dronninga slit seg ut og døyr, før ho får ført slekta vidare.
ER DETTE VIKTIG? JA, LIVSVIKTIG. Ein av dei viktigaste såkalla økosystemtenestene som sikrar oss bærekraftig matproduksjon, er det samspelet mellom planter og dyr som me kallar pollinering. I den kvilelause jakta på føde til seg og sine syter humler, bier og andre dyr samstundes for bestøving, styrking av arvematerial og/eller rikare frøsetting for nær 90 av dei største matavlingane i verda. Desse utgjer 35 prosent av den globale matproduksjonen. I tillegg avheng dei fleste av verdas ville, blømande vekster av pollinerande dyr. I følgje tal frå FN, utgjer verdien av pollinering årleg omlag 1300 milliardar norske kroner. Kløverengene, 10-15 prosent av norsk tomatproduksjon og frukta frå Hardanger er alle avhengige av dei små krypa, til liks med blåbæra i skogen og lyngen i heia. Ja, sjølv potetene, som formerar seg vegetativt, får visstnok auka frøproduksjon takka vera humler og bier.
TAP AV BIOLOGISK MANGFALD og klimaendringar er berre nokre av dei utfordringane jordbruket må hanskast med framover. Ein av bonden sine største fortrinn i møte med desse vanskane er naturen sjølv. For mange av dei tenestene naturen yter oss – omdanning av næringsstoff, skadedyrkontroll og pollinering – bidreg direkte til matproduksjon. Den brummande humla blir såleis også eit symbol på korleis alt heng saman med alt.
SETT MED MENNESKEAUGE er grasåkrar og velfriserte plenar teikn på orden og velstand. For humla er desse grøne flatene for matfattige ørkenar å rekna. Insekta slit vengjene av seg for oss. Me skuldar dei å av og til sjå verda med humleauge. Her kan bonden gjera ein viktig innsats. Så ei stripe med insektvenleg honningurt eller solsikke langs åkerkanten. Plant tagetes og oregano i hagebedet. Lat det bløma, og nyt synet av små medskapningar, der dei flittig utfører sitt kvardagsmirakel. God påske!
Bothild Å. Nordsletten