Bondelagsleiar Lars Petter Bartnes peikte på samanhangen mellom mattryggleik og velferd, under næringskonferansen «Landbruk skaper mangfold» i Molde.
Jane Brit Sande
Den årlege næringskonferansen «Landbruk skaper mangfold» gjekk av stabelen i Molde 3.mars. Programmet var prega av politikarar, gjerdeteknologi og verdas beste ost. Dagen var sett av til meining, kunnskap og inspirasjon, og samla «heile» landbruket i Møre og Romsdal. Det er Møre og Romsdal Bondelag, Møre og Romsdal Bonde- og småbrukarlag og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som arrangerer konferansen.
– Det mangfaldet landbruker skapar, er undervurdert, men blir sett på dagsorden av Møre og Romsdal Bondelag, sa Bartnes til dei vel 180 frammøtte.
Bondelagsleiaren tok nok ein gong for seg landbruksmeldinga, som blir behandla i Stortinget 28. mars.
– Det er første gong regjeringa skapar eit skilje mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk. Tidlegare har regjeringa sett på dette under eitt. Landbruket er ei berebjelke for levande distrikt, sa Bartnes.
Han peikte også på samanhengen mellom mattryggleik og velferd.
– Norges Bondelag er oppteken av berekraftig bruk av ressursgrunnlaget. Eg trur at «trygg mat»-elementet også er undervurdert som ein pilar med tanke på finansieringa av velferdsstaten framover. I Europa blir det årleg nytta 25 milliardar kroner for å kjempa mot antibiotikaresistens. Over statsbudsjettet nyttar me nyttar me mellom 12 og 15 millionar kroner som betalast som erstatning til svinebønder, for å kjempa for at me ikkje kjem dit resten av Europa er. Mattrygghet er eit viktig forhold for velferd framover, sa han.
Teksten held fram under bileta.
Lokal nyskaping, globalt bilete
Oscar Hovde Berntsen, oppfinnar og nyskapar i Nofence AS, fortalde om korleis ein liten idé kan bli ganske stor.
– Det globale biletet er ein sentral del av idéutviklinga, sa han.
Nofence sitt mål er at deira beiteteknologi skal bidra til betre dyrevelferd, enklare dyrehald, berekraftig matproduksjon og betre utnytting av arealressursar i heile verda. I staden for kilometervis med gjerder, skal dyra vere utstyrt med GPS-sendarar som varslar dyret, først med vibrasjon, så lyd og til sist med straum, om dei beveger seg utføre angitt beiteareal.
– Det handlar om å utnytte areal smartare, og å nytte den enorme utmarka som matareal.