Soga om høna og egget på Litla-Undheim starta i 1948. Etter store investeringar produserer Børge Undheim AS no verpehøns for millionar årleg. Skotsk Høylandsfe steller kulturlandskapet i Sirdal. Dyra til Frode Ovedal er usedvanleg dyktige beitepussarar og produserer feittmarmorert kjøt med masse smak. Sørlandet kan få si første merkevare med beskytta nemning. “Spælsau frå Setesdal” er klar for butikkhyllene. Avtroppande styreleiar i Nortura Sveinung Svebestad er nøgd med utviklinga i 2016. Mektige matvarekjedar og nye forbrukartrendar krev likevel sitt på nyåret. Vekas fagartikkel handlar om frønytt og spiretips før våronna, du får lese om nye kvalitetstillegg på storfeslakt, og om gode fôringsstrategiar for storfe, frå konferansen Storfe 2016.
Neste nummer av Bondevennen kjem i postkassane 20. januar!