Hausten sitt vakraste eventyr har sin eigen tradisjon.
Tekst Eirik Stople
Foto Olaug Varhaug Siqveland
– Hovudinntrykket er bra, med fine lam i år. Med det vêret me har hatt, har det vore ferskt gras til sauene gjennom heile sommaren, fortel Karl Martin Mattingsdal, på mobiltelefon frå Hegglandsheia. Han er heiesjef for Langeid- og Hegglandsheia, som er ein del av Setesdal-heiane.
– Om sommaren har me 5.000 sauer og lam, frå om lag 40 saueeigarar, her oppe. I dag har eg med meg seks mann på ettersanking, fortel heiesjefen. Normalt har dei ein tapsprosent på 1,5 til 2 prosent.
Stikkord denne saka: Sau