Nei, det har ikkje blitt smalhans i nye breibygde sauefjøs, men overproduksjonstendensen på lam er skummel og kan lett bli verre om ikkje bremsene blir aktiverte.
Lass på lass med flotte haustlam, fôra på økologiske fjell- og heiebeite, er på veg til slakteria i desse dagane. Det er høgtid og høgsesong for sauebøndene som brukar måleband, vekter og seine kveldsøkter for å plukka slaktemogne lam, medan alelamma blir skilte frå for å sikra produksjonen framover.
Det finst dessverre skår i gleda. Den norske marknaden har for mykje sauer og lam. 1400 tonn ligg over frå i fjor på fryselager. Prognosane tydar på eit overskot på 1400 tonn i år, medan overskotet for 2017 kan bli enda høgare, 1800 tonn.
Historia bak dagens krevjande situasjon er velkjent og kan illustrerast med Bondevennen sin artikkel frå opninga av tre nye sauehus i Setesdal tidlegare i haust. I desse tre husa er den samla kapasiteten 992 vinterfôra sauer. Det at bønder satsar friskt på sau i for eksempel Setesdal og Sirdal, og alle andre stadar der det er flust med beiteressursar, er sjølvsagt fantastisk flott og akkurat slik vi vil ha det. Og det er i utgangspunktet rett og prisverdig at både kommunar og Innovasjon Norge har bidrege med tilskot slik at det har vore mogleg å gjennomføra byggeprosjekta.
Men så er det den skjøre marknadsbalansen då. Om enkelte produsentar av naturlege årsaker har trappa ned eller slutta av med sau, er det langt fleire i den andre enden som har bygd opp kapasiteten. Mange av desse, som har tatt i bruk husa sine, er i ferd med å bygga besetning. Dette gjer at vi kan venta at overproduksjonen på lammekjøt vil auka i åra som kjem.
Kva er så oppskrifta for å få marknaden i balanse? Vi registrerer at Landbruks- og matminister, Jon Georg Dale, i bladet Dagligvarehandelen, definerer overskotet som «for lite forbruk». Det kan vera vanskeleg å arrestera han på den uttalen, men det blir likevel for enkelt. Landbruket har ein totalmarknad å førehalda seg til, og aukar forbruket av eit kjøtslag, kan det gå ut over andre.
Den fine prisløypa på sau og lam gjennom dei siste åra flatar ut. Marknadssvikt fører til prissvikt. Overproduksjon vil bety lågare lønsemd. Mange vil tenkja at no må det bli sett i verk tiltak som førar til ein pause i nyetableringane, men få vil seia det høgt. Vi har sans for leiaren i Rogaland Sau og Geit, Bjørn Høyland, som i dette nummeret av Bondevennen seier at næringa ikkje må stella seg slik at det ikkje er positivt med nye bønder som vil satsa på sau.
Å svartmala at det har blitt fleire kvite lam i det grøne kulturlandskapet, er ingen tent med. Det som er tenleg er å samla næringa, den enkelte bonde saman med heile verdikjeda, til felles innsats, slik både Finn Avdem, frå Nortura, og Bjørn Høyland, frå Rogaland NSG, skisserer i Bondevennen denne veka.
Innsatsen på sal og marknadsføring kan intensiverast. Fleire lam må slaktast tidlegare i sesongen, og vektene må ned. At vektgrensa på stjernelam er redusert frå 16 til 15 kilo bidreg i positiv leid.
Kulturlandskapspleiaren, sauen, blir sett pris på. Norsk lam i ferskvaredisken blir verdsett. Nortura har i år, fram til og med veke 36, selt mest 600 tonn meir ferskvare av sau og lam i høve til fjoråret. Lamma, som er slakta hjå Nortura i vekene 26 – 35, låg på 20 kilo, eitt kilo under fjoråret – og med mindre feittrekk som bonus. Tala provar at det er mogleg å lukkast med kombinasjonen lettare lam og auka sal. Om alle bidreg.
Vi vil gjerne ha mangfaldet som sauehaldet representerer. Lønsam utnytting av beiteressursane høgt og lågt i heile landet, med interesserte, verdiskapande sauebønder der besetningane like gjerne kan vera 30 som 300 vinterfôra.
Men overproduksjon over lengre tid har ikkje næringa råd til.
Men overproduksjon over lengre tid har ikkje næringa råd til.
Sjur Håland