image description

 

Då matkjedeutvalet i 2011 føreslo å opprette lov om god handelsskikk, såg mange eit potensiale for opprydding i den skeivfordelinga av maktutøving som hadde utvikla seg i verdikjeda for matproduksjon. Utvalet vekte ein sovande bjørn. Ein pirkar ikkje i kapital- og marknadskreftene ustraffa. Steensnæs-utvalet sin rapport blei forsøkt svekka med påstandar om lettvinte forskingsmetodar.

For å ta saka vidare, sette den dåverande raud-grøne regjeringa ned eit nytt utval. Daglegvarelovutvalet, leia av professor ved Institutt for privatrett ved UiO, Erling Hjelmeng, gav autoritet til Steensnæs-utvalet sitt arbeid, og la i april 2013 fram eit utkast til lov om god handelsskikk. For ein månad sidan la regjeringa lovutkastet i skuffa, med peikar til ei mogeleg endring i konkurranselova. Den rikspolitiske debatten om matmakt var gått ut på dato og er heller ikkje relevant innanfor ramma av ein liberalistisk politikk.

Sist veke inviterte Norsk senter for bygdeforskning til eit breitt opplagt debattmøte om matmakt, i NHO sitt konferansesenter i Oslo. Noko av bakgrunnen for møtet var lansering av boka; Norsk matmakt i endring. Her gir marknadsøkonomar og samfunnsvitarar viktige analysar og innspel til den norske debatten om matmakt. Redaktørane av boka peikar på ”at det er etablert et nyregulert nettverksregime der både stat, matprodusenter og forbrukere er svekket til fordel for dagligvarebransjen og den globale matindustrien. Samtidig etableres det nye verdikjeder i samarbeid mellom produsenter og konsumenter som motkraft til denne utviklingen.”
Innleiar på seminaret, SIFO (Statens institutt for forbrukerforskning) forskar Unni Kjærnes, omtalte eit system med svak forbrukarmakt, både overfor produksjons- og industriledd og overfor daglegvarebransjen. I ein artikkel, i boka om matmakt, konkluderer forskaren slik: ”Et liberalistisk ideal med maksimal konkurranse i alle ledd er et urealiserbart og tilslørende ideal og neppe i forbrukernes interesse”. Ein annan føredragshaldar på seminaret, professor ved Markedshøyskolen, Bent Sofus Tranøy, skriv dette om leverandørindustrien sin posisjon opp mot kjedemakta, i boka om matmakt: ”Trussel om delisting (vilkårlig fjerning av produkt frå sortimentet. red.anm.) er et dominerende maktmiddel i bransjen. Muligheten til delisting, uten rimelig kommersiell begrunnelse, betyr at kjedene kontrollerer leverandørenes adgang til forbrukerne. Med Matkjedeutvalgets teminologi kan vi beskrive dette som portvoktermakt.”
– Vi har ikkje råd til å satse på innovasjon, når kjedane kopierar produkta, og gjer dei om til eigne merkevarer (EMV), sa styreleiar i Nortura, Sveinung Svebestad, på seminaret.

Ein kan undrast på kvifor Regjeringa legg død ei sak med fleirtalsinnstillingar frå to utval, med solid fleirtal i stortinget, og som har tilslutnad langt utover miljøet på Løvebakken. NHO, LO, faglaga i landbruket, Forbrukarrådet, ja til og med to av dei tre attverande matvarekjedane gir tilslutning til ei lov om god handelsskikk. I denne saka kan det sjå ut som matminister Sylvi Listhaug har bøygd av for klassisk høgrepolitikk, om ikkje å tukle med dei frie marknadskreftene. Sjølv om den rikspolitiske debatten om matmakt truleg er lagt død for inneverande regjeringsperiode, lever utfordringane for produsentane, matindustrien og forbrukarane vidare. Billige varer trumfar etikk, kvalitet og mangfald.

Ein langsiktig matproduksjon treng føreseielege vilkår. Med maktkonsentrasjon i tre matkjedar, som kanskje blir to, treng vi lov om god handelskikk for å trygge primærproduksjonen, norsk foredlingsindustri og forbrukarane sine interesser.

Eirik Stople