I desse dagar mottar statsråd Trygve Slagsvold Vedum rapportane om auka kornproduksjon og om auka storfekjøttproduksjon i Norge. Behovet for desse rapportane fortel oss at basisproduksjonene, korn, eng –og beitedyrking er på vikande front i Norge. Dette er synleg for alle, tidlegare produktive jordbruksareal er i ferd med å gro igjen i store delar av landet.
Vi treng om lag 40 000 fleire mordyr for å dekka etterspurnaden av storfekjøtt. I komande 10-årsperiode reknar ekspertgruppa med at det vil vera behov for opp mot 80 000 fleire mordyr.
Ekspertgruppa konkluderer med at Underdekningen skyldes en vedvarende nedgang i antall melkekyr uten at antall ammekyr har økt tilsvarende. Dermed har antall mordyr og antall fødte kalver gått ned.
Ja, dette er den matematiske årsaka til mangel på storfekjøtt. Men om vi analyserer årsaka til årsaka, ligg den vesentlegaste grunnen i sviktande økonomi i storfekjøttproduksjonen – noko som også ekspertgruppa påpeikar. Oppgjersprisen for storfekjøtt til bonde har på ingen måte følgd same prisutviklinga som i samfunnet elles. Det har heller ikkje vore same effektivitet – og avlsmessige framgang i storfekjøttproduksjonen, som ein kan visa til i svine- og slaktekyllingproduksjonane.
Spesialisert kjøttproduksjon på ammeku har aldri “tatt av” i Norge. Med framleis stigande avdråttsnivå for mjølkekyrne og ikkje tilsvarande auke i marknaden for mjølk og mjølkeprodukt, må vi vente at tal mjølkekyr vil gå ytterlegare ned. Då kjem vi ikkje utanom at nøkkelen til auka storfekjøttproduksjon ligg i ein lønsam ammekuproduksjon.
Ein anna grunn til svikten i storfekjøttproduksjonen er fôrgrunnlaget. Med redusert grovfôrproduksjon, har den mest lønsame produksjonen, mjølkeproduksjon, blitt prioritert framfor framfôring av okseslakt, og resultatet ser vi ser i dag. Strukturutviklinga i mjølkeproduksjonen, med langt større mjølkekvotar, dreg i same retning med omsyn til utnytting av grovfôrareala. Beitebruken er på veg ned. – Gruppa peikar på at kombinasjonen mjølk – kjøttproduksjon bør utnyttast best mogeleg, og det er ynskjeleg at meir av bruksutbygginga på mjølkebruk også omfattar framfôring av oksekalvane i eigen buskap.
Ekspertgruppa summerer opp med at lønsemda må bli vesentleg betre i storfekjøttproduksjonen om dette skal bli ein produksjon i vekst. Vegen til betre økonomi i storfekjøttproduksjonen ligg i god agronomi, auka tilskot og at ein evnar å ta ut betre prisar i marknaden.
I ein kommentar til avisa Nationen, uttalar leiar Tor Arne Ruud i ekspertgruppa, at næringa treng om lag 400 millionar kroner i friske midlar til storfekjøttproduksjonen. Tilskota må vris i meir produksjonsdrivande retning i tillegg til å finansiera eit nytt kvalitetstilskot på slaktet. Han peikar vidare på at økonomien i storfekjøtproduksjonen er særleg svak i sonar utan distriktstilskot.
Storfekjøttsatsinga vil krevje investeringar i nybygg og at ein aukar livdyrtalet. Viktige tiltak i den samanhengen er å utvikla rimelege og rasjonelle bygningsløysingar, samt auka støtte til investering og finansiering av livdyr.
Det er positivt at statsråd Slagsvold Vedum på denne måten tek fatt i utfordringa som ligg i for liten norsk storfekjøttproduksjon sett i forhold til etterspurnaden i marknaden. No er det viktig at næringa tek stafettpinnen vidare for å sette i verk dei idèane som er skisserte. Her treng vi ein samordna innsats der varemottakar, rådgjevinga og offentleg forvalting forstår, og tek i vare bonden sine interesser. Ikkje minst er det avgjerande at bonden får anstendig betalt for produkta og at det kjem inn friske midlar i jordbruksavtalen til våren. Det vil medverka til at produksjon av storfekjøtt blir ein økonomisk interessant produksjon.
Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no