Bilde tatt 16. mai 2013. Arealet har vore ute av drift sidan 2002. Fotograf: Rose Bergslid.

Bilde tatt 16. mai 2013. Arealet har vore ute av drift sidan 2002.
Fotograf: Rose Bergslid.

Store areal har gått ut av drift dei siste ti åra. Disse areala kan ha betydeleg verdi som beite, både for sau og storfe, noko som er dokumentert i prosjektet Beite Ressurs.

Håvard Steinshamn, Unni Støbet Lande, Steffen Adler og Lise Grøva
Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO, Tingvoll

Store jordbruksareal har gått ut av drift. Berre i Vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vart arealet redusert med 8,6 prosent (130,680 daa) mellom 2002 og 2012, og av dette var 87 prosent grasmark (SSB 2016). I Rogaland var det i same tidsrom berre små endringar, men i Trøndelagsfylka har det vore den same tendensen som for Vestlandet.
I Vestlandsfylka står sauenæringa fortsatt sterkt, og beiteareal på innmark er ofte noko bonden har for lite av. Vår- og haustbeiting på innmarksarealet går ut over produksjonen av vinterfôr. For sauebønder, vil ekstra areal som kan beitast vår og haust gje større produksjon av vinterfôr og kan såleis gjere det mogleg å auke besetninga. På bakgrunn av det vi har gjort greie for over undersøkte vi om jordbruksareal som har gått ut av drift kan vere ein ekstra vår- og haustbeiteressurs for sauenæringa. Spørsmåla vi stilte oss var mellom anna:

  • Vil forlenga vårbeiting på grasmark som har gått ut av drift påverke tilvekst og slaktevekt hos lam?
  • Vil beiting på grasmark som har gått ut av drift påverke planteproduksjonen og plantesetnaden?
  • Korleis skal slikt areal behandlast om sommaren, etter at sauen er sleppt til fjells?

(Saka held fram under biletet)

Bilde tatt 8. mai 2014. Same areal, men det har blitt beita året før med sau og hest. Ein effekt av beiting er mindre daugras. Det visuelle uttrykket er prega av at 2014 hadde ein lagt tidlegare vår enn 2013. Fotograf: Peggy Haugnes.

Bilde tatt 8. mai 2014. Same areal, men det har blitt beita året før med sau og hest. Ein effekt av beiting er mindre daugras. Det visuelle uttrykket er prega av at 2014 hadde ein lagt tidlegare vår enn 2013. Fotograf: Peggy Haugnes.

Det vi gjorde

Vi leigde eit areal på om lag 150 daa, i Sunndal kommune på Nordmøre, som har vore ute av drift i 12 år, sidan 2001. Før drifta vart lagt ned, blei arealet brukt som fellesbeite for mjølkekyr. Arealet var på grunn av tuer vanskeleg å pusse maskinelt, og sommaren 2013 blei det beita først med sau og deretter med hest for at det våren etter skulle vere mindre daugras. Forsøket gikk over to år; 2014 og 2015.

Saueforsøk

Vi brukte i begge år om lag 80 søyer og 90 lam frå ei lokal sauebesetning. Søyene med lamma flokken blei tilfeldig fordelt på tre grupper, der vi tok omsyn til alder på søya og tal lam per søye:
1) Kontroll, vanleg praksis med kort vårbeiteperiode før utmarksslipp
2) Forlenga vårbeiting, fire veker forlenga vårbeiting på det nedlagde beitearealet før utmarksslipp til den same utmarka som gruppe 1 .
3) Beiting heile sesongen på det nedlagde beitearealet.

Beiteforsøk

Arealet blei ikkje gjødsla eller behandla på anna måte før forsøket starta i 2014, bortsett frå at det blei beita med sau og hest året. Forsøksopplegget
er vist i figur 1. På kvar av dei 9 rutene jfr. periode 2 blei det sett ut 5 bur som beskytta mot beiting, og avling blei registrert i og utafor beitebura i slutten av kvar av dei fire periodane (figur 1). Bura blei flytta etter registrering.

(Saka held fram under illustrasjonen)

bv31_fag3

Resultat og diskusjon

Dominerande planteartar i beitet var grasartane engkvein, sølvbunke og engrapp og urtene engsoleie og myrtistel. På forsommaren dominerte engsoleia og utgjorde om lag 33 prosent av plantesetnaden, men var ubetydeleg på hausten. Engkvein stod for om lag 25 prosent av avlinga på forsommaren og 50 prosent på hausten. Mengd sølvbunke held seg relativt konstant gjennom beitesesongen og utgjorde i underkant av 20 prosent av plantemassen. Vi kunne ikkje påvise effekt av forsøksbehandlingane eller endringar i botanisk samansetjing over år, og det skuldast nok at to år er for lita tid til å påvise eventuelle effektar. For å redusere innslaget av uønskt arter som engsoleie, myrtistel og sølvbunke er det naudsynt å sette inn tiltak som drenering, gjødsling og kalking. Vidare vil pussing etter avbeiting om våren og hausten vere med for å redusere innslaget av uønskt planter.
Både tilvekst og slaktevekt var høgare hos lam som fikk 4 veker ekstra vår beiting (sjå figur 1, periode 1) på det grasarealet som var gått ut av drift samanlikna både med dei lamma som vart sleppt rett i utmarka og dei som gikk heile sommaren på innmark (tabell 1). Årsaka til den positive effekten av forlenga vårbeiting på innmark skuldast nok at lamma har blitt eldre og tyngre og betre budd på å klare seg i utmarka. Økonomisk så gav den forlenga vårbeitinga vel 80 kr høgare inntekt per slakt jamført med å sleppe lamma med søyene direkte (tabell 1).
Om våren (periode 1, figur 1) fann vi at sauene med lam som hadde den forlenga vårbeiteperioden tok opp om lag 50 kg tørrstoff per daa, og det var 40 prosent av det som var etande. Vi kunne altså ha hatt eit større beitetrykk enn det vi hadde. Om sommaren (periode 2, figur 1), fann vi at kvigene og sauene med lam beita vel 200 kg tørrstoff per daa og utnytta 55 prosent av den totale biomassen som var produsert. Vi kunne ikkje finne noko forskjell i totalt beiteopptak hos sau og kviger, og sidan vi hadde lagt opp til det same beitetrykket så var det ikkje anna å vente. Interessant å leggje merke til er at beiting om sommaren (periode 2) med kviger og sau gav 1,7 gonger større total planteproduksjon og 2,6 gonger større produksjon av etande plantemasse enn utan beiting når ein ser heile beitesesongen under eitt. Beitinga om sommaren førte sannsynlegvis til betre lystilgang til blad som ikkje vart beita, auka fotosyntese, minka visning hos nye framveksande blad og stimulering til framvekst av nye skot til erstatning for dei som vart beita. Desse mekanismane verkar kompenserande til beiting og kan gje større planteproduksjon enn der det ikkje er beita gitt at beitetrykket ikkje blir for stort.
Årsaka til at innmarksareal, som vi her har granska, ikkje blir bruka som beite er mange. Dels skuldast det økonomiske forhold, og dels skuldast det juridiske og meir uformelle forhold. I dette prosjektet skal vi i tillegg til det vi her har presentert gjere økonomiske kalkylar, og vi skal også sjå om det er andre mekanismar enn økonomiske som gjer at slike areal ikkje blir drive.

Konklusjon

Forlenga vårbeiting med sau og lam på areal som har gått ut av produksjon kan gje auka tilvekst og slaktevekt hos lam og høgare slaktepris samanlikna med å sende dyra rett til fjells.

Finansiering

Prosjektet er eit samarbeid mellom Norsk institutt for bioøkonomi, Norsk senter for økologisk landbruk og Norsk senter for bygdeforskning og finansiert av Regionalt forskningsfond Midt-Norge (prosjektnr 227181) og Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.

Stikkord denne saka: